Korridoren er Mjølkevegens ukjente syster
linoleumsgolvet bona blankt for skoddetankar
å spegle seg i her vi kjem med heile oss på slep
og skriv oss inn i statistikken
Den kvite frakken, for gammal for ansiktet som held han oppe
idet eg mistar balansen. Søkket i belegget har evig liv.
Å vogge, voggar, voggar, voggar
orda som går førarlaust i ring
Velkommen! Vi har rekvirert eit eige rom inst i gangen
med tv og fjernkontroll og rikhaldig meny.
Ingen sa noko om ho som stikk hol på draumane dine kvar natt.
Er det sant? For resten av livet?
Ro din båt.